Region Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal

Planar for hausten 2016/ våren 2017

Tilbakemeldingane frå nyutdanna som har fått tilbod om systematisk rettleiing, er svært gode. Dette arbeidet går føre seg i dei ulike kommunane og arbeidsgjevar er ansvarleg for at dette vert tilbode.

 Det blir frå Utdanningsdirektoratet lagt vekt på at høgskulane i samarbeid med arbeidsgjevar skal legge til rette for møteplassar mellom rettleiarar/mentorar og nyutdanna. Høgskulen i Volda vil vidareføre tiltaket fagsamlingar for nyutdanna og rettleiarar med om lag same omfang som sist år.

Høgskulen sitt fokus vil halde fram arbeidet med utdanning og oppfølging av lokale rettleiarar i samarbeid med arbeidsgjevar. Følgjande modell vert nytta frå hausten 2016:

  • Møte mellom arbeidsgjevar, lokale rettleiarar og fagteamet frå høgskulen (1 per år).

Innhald: Drøftingar omkring arbeidet med mottak av nyutdanna.

  • Møte mellom nyutdanna, lokale rettleiarar og fagteamet frå høgskulen (2 per år). Innhald: Faglege foredrag, drøftingar og rettleiing
  • Rettleiing i lokale grupper (lokal rettleiar og grupper på inntil 5-6 nyutdanna).

Eit møte per månad, ca 2. timar.

  • rettleiing på arbeidsplassen (individuelt)

Lokale rettleiarar

Organiseringa føreset at kommunane/eigar stiller med lokale rettleiarar/mentorar. Fleire kommunar har delteke i “Nytt på nytt” med lokale rettleiarar/mentorar, erfarne (barnehage-)lærarar frå barnehage og grunnskule med interesse for arbeidet. Dei har til vanleg fått avsett om lag 25 timar til arbeidet med rettleiing av nyutdanna og deltaking på samlingar med høgskulen (ca 5 t. pr.person dei er rettleiar for). Arbeidsgjevar har finansiert dette frikjøpet, som er ein avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. 

Dei lokale rettleiarane/mentorane har hatt ansvar for grupper på inntil 5-6 nyutdanna. Gruppene er samansette av nyutdanna frå ulike skular/barnehagar. Det også vore samarbeid over kommunegrensene, noko som har redusert kostnadene for den enkelte barnehage og skule. Regelmessig rettleiing og oppfølging i lokale grupper har vore ein suksessfaktor i tiltaket.